Det gode liv

Inkluderande fellesskap og aktiv handling

I samband med oppvekstreformen (januar 2022) har dei seks kommunane i VestTelemark utarbeidd ein felles oppvekstplan som skildrar felles utfordringar og kva for tiltak som er aktuelle innan samhandling, førebygging og tidleg innsats, Vegen mot livsmeistring! Desse kommunane har også fleire interkommunale tenester og difor er det naudsynt å samkøyre både struktur og innhald i desse tenestene, slik at dei blir mest mogleg effektive, og at ein får nytte kompetansen på ein slik måte at den kjem barna til beste.

Formålet med planen er å konkretisere dei tiltaka som er naudsynte for å lage eit oppvekstmiljø og eit tenestetilbod som er så godt at alle barn og unge i Nissedal vil oppleve å meistre livet så godt som mogleg, ut ifrå dei føresetnadane dei har. Planen skal vere eit verktøy som gjer det tydeleg kva for aktivitetar som skal vere prioriterte på dei ulike alderstrinna, kven som har ansvar for at dei blir gjennomførte og samstundes vise korleis ein kan sjå at dei blir gjennomførte.

Eit godt oppvekstmiljø

Eit godt oppvekstmiljø betyr mykje. Eit miljø der alle opplever seg inkluderte, både i barnehagen, på skulen og på fritida. Barn som deltek på fritidsaktivitetar, har større sosial omgangskrets og dei får ferdigheiter dei kan få bruk for seinare. Unge som har tilgang på sommarjobb, opplever meistring og å vere til nytte, og dei har større sjanse til å få seg jobb seinare.

Robuste barn og unge i sosiale fellesskap

Dagens individretta samfunn skaper utfordringar for fellesskapet. Små barn lærer at dei er sentrum i universet og møter på store utfordringar i møte med andre. Å kunne delta i det sosiale fellesskapet er ein avgjerande nøkkel for inkludering og livsmeistring. Å gjere noko godt for andre er ein anerkjent strategi for god psykisk helse. Å halde fokus på dette i alle møte med barn, unge og deira foreldre er eit viktig innsatspunkt for oss og vil vere synleg som tiltak på alle steg. MOT på mellomsteget og ungdomsskulen er eit viktig program som systematisk hjelper i dette arbeidet. Då denne planen var oppe i Ungdomsrådet, kom det to svært kloke tilbakemeldingar som vi tek med oss vidare på alle steg: • Det er viktig å lære seg å ikkje alltid vinne • Det er viktig å lære å inkludere seg sjølv. Ikkje vente på at andre tek initiativ.